Wednesday, April 29, 2009
Ein vevloggande saftkokar på Sogndal Fotball sine sider
Underteikna vart utfordra og greidde ikkje takke nei til å bidra. Dette er utelukkande hobby og eg kjem ikkje til å kopiere over innlegg frå klubben sine sider.
Teknisk slit vist klubbleverandøren, merkeleg nok, med noko so enkelt som bloggfunksjonalitet. De får heller komme med ramsalt kritikk av innlegga her inntil dette er på plass.
Om min profil på fritid sjå her:
http://www.sogndalfotball.no/Publikum/Blogg/%C3%98yvindHeimsetLarsen/%C3%98yvindHeimsetLarsen/%C3%98yvindHeimsetLarsen/tabid/662/Default.aspx
Fotballblogg 1: 03.04.2009: Ein vevloggande saftkokarar her ?
Fotballblogg 2: 15.04.2009: Eg og han der Iain ”fresh face” Dowie har litt for mykje felles
Fotballblogg 3: 28.04.2009: Nei, eg er ikkje sint. Berre veldig, veldig, veldig, VELDIG skuffa….
29.04.09 Øyvind Heimset Larsen
Tastatur, miljøklister og gnagsår
For det trengs minst fire forskarar til å skru i ei lyspære. Om direktøren gjev ei arbeidsgruppe oppdraget vil ho observere følgjande når prosjekt lyspære skal gjennomførast. Alle fire utvalde blir ivrig og pliktskuldig med i den ”hurtigarbeidande komiteen”. Men når det kjem til møtedato og tid for gjennomføring kjem tåka sigande. To forskarar har dobbeltbooka og prioriterer andre viktige prosjekt. Dei er på reise. ”Force major”- kan dei to resterande gjerne få høyre då. Ein tredje er handlingssterkt og kjøpte på eige initiativ inn lyspære på Meny som ho så berre ser for seg å montere. STOOOOOPPP skrik den fjerde som krev nyinnkjøp og prosjektstopp fordi pæra ikkje er av rette sorten. For dette er ikkje sparepære og det er ikkje rett lysstyrke for HMS- føremål. Ny møtedato og strategi må so avtalast med alle fire på e-post… Det vert telefonkonferanse om pæreval og erfaringsnotat i etterkant.
Aktivitetsnivået på laget er ikkje så verst med årleg deltaking i Kjerringi Open, sporadisk lag i Volleyballturnering og endåtil eit år med ”Sykle til jobben”-aksjon, samt støtte til personleg fysisk fostring og arrangering av mindre ekskursjonar.
Av 30 inviterte (og purra på ) deltok sist fredag sju på ski- ekskursjon frå Hodlekve til Høgehaug der fem gjekk vidare til Leikanger. Dette oppmøtet reknar underteikna leiar av Tastaturlagt som god. Sjølve turen vart meir enn vellukka. Det skuldast strålande sol frå skyfri himmel, vindstille, godt selskap og bra med niste.
Førebuinga var grundig. Som normalt haglar det innspel til arrangementskomiteen. Oppmoding om fjelltur kom direkte frå leiargruppa. Deretter dukka enkeltinnspela som venta opp. ” Vi burde grille på ope bål”. Leiinga har etter kvart gått bort frå deltakande leiarstil, og bestilte bagettar i Campuskantina ein time før avreise. Lighter, sjokolade og kaffi måtte med. Men forskarar må ha skyss og tal bilar kan berre bestemmast ut frå kor mange som deltek. Og det talet vart endeleg klart først to timar i forkant. Etter tre e-postutsendingar og kontorrundspørjing var to køyretøy med sjåfør rekvirert.
Forskarsamlinga på Høgehaug var som de ser vellukka. Etter ekstremklatringa mot toppen var det god plass til oss og to småbarnmødre med pulk. Dette og det meste andre viktige på turen vart dokumentert av ein ivrig fotograf med avansert kamera. Utval av skiutstyr var som venta og spesialisert og unikt. Eit par av oss satsa på klister, eit par på heilfelle og ein på halvfelle under skia. Felle er miljøklister spør du meg. Men det ville aldri ein miljøforskar på klister under stålkanta superlangrennski finne på å gjere. (Dette er sjølvsagt dei tynnaste som er å få kjøpt). Minst to mannlege forskarar presterte å få gnagsår av denne forsiktige turgåinga. Ei lånte vekk idrettsteip. Takk.
Wednesday, March 25, 2009
Google ser meg, dei og…
Godt å vite at nokon les og kanskje bryr seg om det eg skriv. Men kva personvern ventar eg?
Laurdag 14.februar var eg på Studentersamfundet i Trondheim. Tema på det engasjerande Samfundsmøtet var ”Google ser deg”. Jon Bing (UiO, var formann i Personvernnemda mm.) og Knut Magne Risvik (engineering director i Google) innleia og svara på spørsmål. Eg vil gjerne formidle ei blanding gullkorn og interessante poeng. Dette ver t difor ikkje eit referat der tema og sitat kjem i kronologisk rekkjefølgje:
Det er ikkje så enkelt å vite kven som følgjer med når handlinga di sender informasjon i små databitar ut av Noreg, via Sverige (der det militære no får lytte på det meste som passerer), nedover i Europa og over kanalen til USA og kanskje innom serverplassen du har leigd i Canada. Lover i Noreg gjeld sjølvsagt for deg og dine handlingar sjølv om innhald ligg på server i land med eit anna lovverk.
Europa går føre på personvern og internett. Men heile 75% av alle land manglar slik lovregulering av personvern. Nokre land har ulik praksis i ulike delstatar. Noreg har og utfordringar. Norske skattelister og det offentlege si bruk av personnummer som identifiserer deg vert trekt fram. Truleg veit det offentlege i skandinaviske land mykje meir om deg enn det USA med sine system gjer. Offentleg overvaking? Du får tilpassa dine søketreff etter nasjonale og personlege preferansar. Ikkje berre Kina stiller krav til kva befolkninga skal få sjå. Også land som Storbritannia har slike lister med innhald som skal bort. Det finst og svartelister over ord du helst ikkje bør ta i bruk i din kommunikasjon. Eit utval ville garantere deg eit brukbart tal lesarar på din neste e-post. (Og nei, eg trur kanskje ikkje eg skal vise til dømet Bing gav her i vevloggen heller. )
Søk, ja. Du veit det nok. Alle søk du gjer i Google vert lagra og først sletta etter om lag eit år. Data vert inspisert for å justere søkjeresultat (og annonser) for deg. Men mykje nyttig bruk utover dette er mogeleg. Google har oppdaga influensaepidemiar og følgt deira spreiing ca to veker raskare enn det offentlege helsevesen i USA klarte! Dette berre fordi dei er så gode på å overvake kva søkjevanar folk har og analysere kva som opptek folk der og då. Søkjer mange plutseleg etter td. nærmaste apotek, legemiddel eller svar på same type symptom så kan folkehelsa ha nytte av overvakinga.
Ein arbeidsgivar bør ikkje utan vidare google sine jobbsøkjarar. Ingen av innleiarane gjer dette. For det første er det mogeleg at du sjølv har lagt ut feil informasjon. For det andre kan ondsinna informasjon vere lagt ut av andre som ikkje likar deg.
Du nyttar gjerne som eg mange vevtenester frå Google? E-post, kalender, personleg nyheitsportal, tekst- og reknearkeditor, kart og bildeteneste og no straks sanntidslokalisering av dine mobilbrukande vener på kart etc. Du og er kanskje litt bekymra for om konsernet set din databruk saman til eit bilde av deg og brukar det i uønskte samanhengar? Google fortel opent at dei samlar mykje informasjon om deg og din nettbruk for å kunne forbetre sine tenester og nedkjempe søppelpost og virus. Men eg forstod Risvik slik at det for han enno er lettare å søkje fram god informasjon om deg med søkjemotoren, enn det er å sette saman informasjonen frå dei ulike interne systema deira til eit like godt bilete. Risvik uttrykte at problemstillinga var viktig, men og at han var meir bekymra for dei nye sosiale nettsamfunna.
Eit viktig poeng for Risvik er at det manglar ein openbar økonomisk motivasjon for misbruk blant storaktørane. Google ville raskt miste mykje av bruken, og dermed det meste av si lønsemd, om du mista trua på at informasjonen din var trygg og slutta å bruke tilbodet deira.
Finn du informasjon på td Google Earth om deg som du blir støtt av, så kan du be om å få det fjerna og det vert gjort i løpet av kort tid. Det er ingen ideell strategi å publisere ein masse nyttig om seg sjølv for å dekkje over eit enkelt uheldig nettbidrag. Dei største seriøse aktørane legg innsats i å rydde. Bing uttrykte større bekymring for mindre tenester og aktørar som kanskje har samla litt informasjon om deg.
Samfundsmøtet gav i alle høve meg ein del igjen for oppmøtet. Eg tykkjer det økonomiske argumentet til Google er godt, men eg er bekymra for den menneskelege faktoren. Feil har ført informasjon på avvege før, både i det offentlege her heime og i dei største konserna. Og gangsynet til nokre konserndirektørar i USA har ikkje direkte imponert det siste året. Eg håpar sjølvsagt på feilfrie interne system og fråver av personleg suboptimalisering og tabbar framover. Ikkje minst deler eg bekymringa til innleiarane for nettsamfunna. Særleg med tanke på siste nytt om endringar i mine vilkår der eg er fanga (?). Dette bekymra meg alt i første vevlogg frå 2007. Kunden har ikkje alltid rett(ar).
Til slutt eit siste tips frå Bing. Tenkt litt over kor mykje personleg informasjon du kan finne på di neste bankutskrift...
Øyvind Heimset Larsen - 18.02.2009
Vestlandsforsking treng deg!
Underteikna forvilla seg til Sogndal i august 2000. Mykje på grunn av ei traineeordning som NHO Sogn og Fjordane tok initiativ til. Dette var ei satsing på å få attende ungdom med utdanning. Det var sett av midlar som særleg skulle få kvinnene attende . Vi var klart flest gutar i det vesle kullet, fornøyeleg nok.
Eg får kanskje skunde meg å leggje til at Vestlandsforsking alt då hadde politisk korrekt fordeling blant tilsette og i leiing, med til dømes Marit Mauritzen og Liv Signe Navarsete som direktør og styreleiar.
Alle traineeordningar i fylket er no samla til ei satsing med heile 18 deltakarbedrifter, koordinert av Framtidsfylket. Torsdag 12. Februar var underteikna blant mange håpefulle lokale aktørar i Trondheim på Studentersamfunnet for å rekruttere nye talent. Gledeleg nok var det godt oppmøte og mange som besøkte meg på stand for å stille spørsmål. Og det skuldast ikkje berre at våre vener i DIFI hadde stor nabostand som kunne lokke mange med spesialproduserte vassflasker og eige leikehus. Oppstartbedrifta YAST, med engasjerte og enno nyutdanna entreprenørar frå NTNU, hjelpte oss godt med si entusiastiske skildring av Sogndal, Campus og dei unike fritids- og friluftstilboda i området. Det var heilt rett å møte studentane her på deira eigen arena, og ikkje på eit hotell. Diskusjonane og oppmøtet var som sagt veldig bra. Denne messa var merkbart betre enn på Radisson SAS-hotellet i 2008.
Eg kjenner meg veldig igjen i rammene for opplegget når eg høyrer at planen for 2009-kullet er fire sentrale samlingar, ein ekskursjon utanlands og god oppfølging undervegs. Dette trur eg blir bra og lærerikt for dei som får delta. Ikkje minst ser eg at fordelinga har betra seg mykje sidan eg var med…
Vi som arbeider med IKT på Vestlandsforsking har med ei viss missunning sett på kor godt traineeordninga gjennom dei siste tre traineekulla har rekruttert nye medarbeidarar med klima, berekraftig reiseliv og miljø som fokus. Dette har sikra god fordeling og stadig nye impulsar.
Som 1.generasjonstrainee på huset oppmodar eg DEG om å søkje!
Aller, aller helst på IT…
Øyvind Heimset Larsen - 16.02.2009
Personnummeret DITT - er det deg?
I arbeidet med å vurdere kvalitet på offentlege vevtenester (for DIFI) har vi merka oss eit par oppslag i media om at enkeltkommunar har vore uheldige og lagt ut postlisteinformasjon med personnummer. Eg trur det skjer sporadisk og raskt vert retta opp.
CD-ar med DITT personnummer og andre skatteopplysningar er no sende til fleire avisredaksjonar i landet - av det offentlege. Heldigvis var data denne gongen (litt) sikra med kode (kryptert). Men huff! Dette er alvorleg systemsvikt.
Personnummeret DITT er deg, i følgje alt for mange offentlege og private vevtenester.
Alt for ofte ser det ut til at det ikkje trengst stort meir som utgangspunkt for å skaffe lån, bankkort eller anna. Denne manglande sikringa gjer det for lett for uærlege personar å ta over identiteten din.
Personnummeret burde ikkje vere verd meir for dei enn å vite namn og fødselsdato. Det å kunne bekrefte at du er du burde vere vanskelegare. Men det er diverre ofte litt vel enkelt no.
Digital ID og autentisering har vore tema lenge, særleg knytt til MiSide (http://www.noreg.no/minside/) og andre tenester. Om løysinga skal utviklast av det offentlege eller kjøpast av leverandørar, har vore tema. Eit brukande produkt kunne for min del gjerne snart ha vore på plass. Kanskje set denne minikrisa fart på systemet? Eg håpar det. Då bør det helst ikkje bli lovleg eller lett å sluntre unna eit minstemål av teknisk sikring.
Øyvind Heimset Larsen - 19.09.2008
Dei vanskelegaste bokstavforkortingane våre
IT…. Det er ikkje til å kome unna. Vi brukar mange
Eit av dei verste no er web 2.0 som femner passe mykje og er passe lite avgrensande. Både bokstavar, tal og punktum legg vi her sjølvsagt djup meining i. I denne ymseboksen web 2.0 ligg det og eit lite hav av småord nokon gjerne eig for teknologi som let deg ha dialog, dele ressursar og opplevingar saman med andre på HEILT nye måtar. Denne vevloggen (blogg på nynorsk) med sin enkle
Difor kjennest det feil å forsøke på akademisk definisjon av web 2.0 i word og i eit avsnitt. Sjå gjerne omtale på wikipedia om du vil, men opplev først ei god historieforteljing om det nye omgrepet på 5 minutt. Ikkje all kunnskap er lett å beskrive med ord. Noko er taus kunnskap det gjerne er lettare å vise. ”The Machine is Us/ing Us” er den opphavlege versjonen av kultklassikaren til Michael Wesch som de finn på Mediated Cultures (med høgare bildekvalitet enn på Youtube).
Dette er retninga dataverda utviklar seg i. Det er viktig for oss å ha ei meining om kva vår vesle rolle kan vere. Vi fokuserer særleg på to internettstandardar (emnekart og semantisk web) i våre meir teknisk retta prosjekt. Men ofte er det viktigaste elementet i våre prosjekt å kunne sjå bruken av ny teknologi i endringar som skjer i og mellom organisasjonar. Og å kunne kople det akademiske med det brukarnære. Dette er og IT. For informasjonsteknologien (IT) skapar vinstar først når den er i god bruk. Gevinstrealisering er i seg sjølv eit moteord. Det får bli ein annan blogg…
Øyvind Heimset Larsen - 01.07.2008
Stakkars bestemor!
Tema eg vil ta opp er brukarvennelege offentlege tenester og ei utfordring for Miside. Brukarvennlege nettenester har vore fagleg tema for fleire prosjekt i både offentleg og privat sektor på Vestlandsforsking over fleire år. Mellom anna i arbeid med å utvikle indikatorar for å måle kvalitet på alle norske offentlege nettenester og for reiselivsportalar. Men dette blogginnlegget gjeld ei fersk privat erfaring med tenester.
Eg minnest svakt at eg var nyfiken og logga meg inn på tenesta for eit par år attende. Då var det blest i media om Noreg.no og den nye tenesta MiSide. Mine nye innloggingskodar kom med skattekortet. Der var lite innhald då og det blei med den eine innlogginga.Eg har sjølvsagt gløymt passordet (8 teikn) sidan det er over eit år sidan den eine gongen eg logga inn. Kva er det då naturleg å klikke på? Jau, knappen for gløymt passord. Det gjorde eg i går og ingenting skjedde. Eg la så inn personnummer og klikka igjen. Igjen skjedde det ingenting. Eg valde så opprett ny brukar og oppdaga at dei ville ha meg til å hente pinkodar - ikkje berre frå det siste skattekortet, men også frå det gamle skattekortet frå 2006. Det kortet er sjølvsagt no arkivert i det store arkivet. Men eg la inn det eine eg hadde og klikka håpefullt utan resultat. Eg opna hjelpefunksjonen, men den informasjonen var ikkje til mykje hjelp. Eg ringde så 800-nummeret, men dette var rett etter kontortida (kl 1600) og telefonsvararen maste om nettsidene eg sjølvsagt kom ut frå.
Då la eg egget og klikka på gløymt passord ein gong for mykje -ein tredje gong. Resultat:
” Etter 24 timer kan du prø å logge inn igjen.”- Genialt…
(Skrivefeilen i sitatet er denne gongen ikkje mitt verk)
Underteikna kjenner fleire, også enkelte IT-forskarar, som når dei klikkar på ein knapp og ingenting skjer, automatisk vil klikke to-tre-fire gongar til på same knappen før dei forbannar systemet og gir opp.
Eg innrømmer gjerne at måten eg handterte nettenesta på, i farten kanskje ikkje var ”korrekt” framgangsmåte, men stakkars bestemor som skal prøve dette…
Mvh
Øyvind Heimset Larsen
Førebels frustrert utestengd brukar av offentlege tenester på nett
Øyvind Heimset Larsen - 07.05.2008
Nettverksarbeid i Sogn og Fjordane
Nettverksorganisasjonen har blitt kalla framtidas organisasjonsform. Dette er ikkje utan grunn. Nettverk har i mange samanhengar vist seg som ein effektiv måte å arbeide og samarbeide på både for individ, organisasjonar og bedrifter. IT-teknologi – særleg Internett – har bidrege vesentleg til utviklinga. I Sogn og Fjordane har det vokse fram ei rekkje sterke nettverk med mål å auke graden av innovasjon. Kanskje på grunn av næringsstruktur og spreidd geografi har det vore behov for og vilje til å ta i bruk nettverk som verkemiddel for verdiskaping og økonomisk vekst.
Fjordfylket har mange ulike nettverk for bedrifter. Dei er uformelle, ad hoc-orienterte samarbeidsstrukturar mellom bedrifter gjerne i ein bransje eller eit geografisk område. Nettverka er ofte små, fleksible og tilpassingsdyktige, men dei er ikkje alltid like synlege og lette å få innpass i for andre. Eit døme kan vere ei samling lokale bær- og grønt-produsentar, Lærdal Grønt, som samarbeider om kvalitetssystem, varesal og eksport til utlandet og som deler kunnskap lokalt. Eit anna døme er ei gruppe bedrifter i reiselivet i Sogn, Hotellgruppa i Sogn. Dei samarbeider for å oppnå betre konkurransekraft og auka inntening gjennom utvikling av eit heilskapleg kvalitetssystem som skal sikre konsistens i høve til profilen ”reisemål i verdsklasse”.
I tillegg til dei små nettverka finn vi også fleire større, meir formelle nettverk mellom bedrifter. Her vil eg peike på tre nettverk; Bedriftsnettverket, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og NHO Sogn og Fjordane i tillegg til Næringshagane og Innovasjon Noreg sine formelle og uformelle nettverk. Kompetansemeklarane har hatt ein god dialog med mange av dei små lokale nettverka og alle dei store og har hjelpt bedriftene og nettverka med å definere og få finansiert utviklingsprosjekt.
Fjordfylket har og nettverk der det offentlege og næringslivet samarbeider aktivt. IT-forum Sogn og Fjordane med arbeidsgrupper som set fokus på ulike tema er endå eit eksempel. IT-infrastruktur er ei felles utfordring det er blitt arbeidd mykje med. Internasjonal satsing med deltaking i EU-program er ei anna viktig satsing. Det er samla erfaringar med bedriftssamarbeid gjennom EU sine rammeprogram for forsking og utvikling – og det blir no arbeidd med prosjektutvikling for det eksisterande (7.) rammeprogrammet. Kompetansemeklarane bidreg i dette arbeidet. IT-forum har vore arrangør for studieturar til Irland, Italia, Tyskland og Skottland der bedrifter deltek med tanke på internasjonalt samarbeid, partnarsøk og prosjektutvikling.
Framover har fylket valt å satse på vidareføring av slike aktivitetar gjennom VRI-programmet (verkemiddel for regional innovasjon), der involvering av bedrifter i FoU-aktivitet og internasjonalt arbeid er viktige målsetjingar. Eit anna satsingsområde er regional utvikling i forhold til program som Regions of Knowledge. Det er ei EU-satsing som skal styrke forskingspotensialet til europeiske regionar. Mykje av næringslivet i fylket er eksportretta industri og næringar med sterkt internasjonalt fokus. Det er viktig å forsterke og støtte bedriftene i dette arbeidet gjennom samarbeid med andre regionar. Deling av erfaringar og effektiv kunnskapsspreiing er ein effekt av og eit viktig aspekt ved nettverksorganisasjonar.
EU har eit ønskje om å auke forskingspotensialet ved å støtte regionale klynger med fokus på forsking og som koplar bedrifter, regionale myndigheiter og utdannings- og forskingsinstitusjonar. Her er det viktig å få til gode nettverk både med bedrifter, forsking/utdanning og offentlege myndigheiter frå ulike regionar. I Sogn og Fjordane er slike samarbeid etablert på mange nivå, men enno kan nettverka utviklast vidare til meir robuste, men samstundes fleksible strukturar som tillet auka innovasjon og verdiskaping i "Framtidsfylket...".
Øyvind Heimset Larsen - 06.12.2007
Andre veit kva du søkjer..
Innanfor forskingsområdet ”Brukarvennlege IT-system” har vi som namnet seier mykje fokus på ny informasjonsteknologi i bruk. Vi kjem ofte innom omgrepet Web 2.0 og ulike element i denne store samlinga av verktøy som Web 2.0 omfattar. Nokre av dei er har blitt nesten uunnværlege i dagleg bruk. Men det finst også uheldige sider ved desse nyttige verktøya.
Eg er ein stor tilhengar og brukar av søkjefunksjonar på internett. Sjølvsagt fordi informasjonsstraumen er stor og uhandterleg. Oppslagsverk som Wikipedia er bra, men ikkje nok. Heldigvis har eg verktøyet Google. Både søk, kart og e-post og mykje meir. Den nye store merkevaren. Konglomeratet av nye og nyttige tenester for meg. Representanten for den VELLUKKA andre .com-bølgja. Du trudde kanskje .com berre var ei fadese? Nja. Dei mest håplause ideane om rask profitt og lite innsats gjekk det heldigvis dårleg med. Dei var det MANGE av. Men internett skapar minst like mykje verdi no som dei optimistiske spådde før fallet. Men dette har du kanskje alt oppdaga sjølv på din arbeidsplass.
Litt fleire idear enn ein skulle tru frå optimismebølgja overlevde. Den norske portalen ABC Startsiden er framleis ei nyttig teneste for eit vanemenneske som meg. Portalar skulle alle lage ei stund. Ja, vi jobba med fleire slike på Vestlandsforsking og. Berre nettsida var oppe og designet var kult skulle pengane strøyme inn for den innovative grunder eller organisasjon. Eg går ut frå at ABC Startsiden overlevde på grunn av edrueleg pengebruk og sterkt fokus på nytte. Dei gav meg tidleg ei oversiktleg og nyttig informasjonsteneste med god brukarvennlegheit i sentrum for både katalogar og ulike søkefunksjonar. Og som regel med lite masande reklame.
Eg likar ikkje reklamen i toppannonsa i dag 05.09.07. Alt i eitt hår-fjernings-system-kampanje-få-prøvepakke-klikk-her. Det er kanskje ikkje eit personleg tilpassa tilbod for meg. HELDIGVIS. Det betyr at dei ikkje har samla inn all informasjon om meg og det eg har av interesser. ENNO. Det kunne dei kanskje lett ha gjort. Eg trur nemleg søkjemotorane samlar på litt for mykje slik informasjon. Det er lønnsamt å vite slikt. Heldigvis er eg blant dei som seinast har teke til å bekymre meg. Datatilsynet har fornuftig nok alt starta dialog med fleire søkjemotorar i følgje Digi.no.
Du var på nett og søkte etter noko sært. Kanskje var det på impuls etter å ha sett ein nyheitsartikkel eller etter ein krangel med nabo/kamerat/kone. Du kan no sjå på dette som lagra informasjon til seinare bruk og lure på kven som får vite det. Ufarleg seier du? BBCWorld sitt program Click informerte meg nyleg om at i august 2006 kom konsernet og internettleverandøren AOL i skade for å leggje ut 23 millionar Google-søk gjort av 650 tusen personar over ein periode på tre månader. Ooops. Eg lurer på rutinar for korleis AOL fekk søka frå Google og om mine søk kanskje er vidareformidla og.
Innslaget i Click viste og fram lista over søkeorda til ein stakkar. Ekteskapet hans hadde havarert. Han var no ekstremt sjalu og ville ha hevn og var på leit etter metodar… Søkjemotoren fekk ei utilsikta rolle som skriftefar og rådgjevar. Generelt sett ikkje heilt bra, men i dette høvet kanskje egna til å avverge skade.
Ver forsiktig! Elles risikerer du og eit hovudoppslag i BBCWorld.
Øyvind Heimset Larsen - 06.09.2007
Eg, ein vevloggar?
Blogg nr 1: Eg, ein vevloggar?
Eg hadde her håpa og trudd på ei forseinking i dette prosjektet slik det ofte er vanleg i viktige store it-prosjekt, både innan offentleg og privat sektor. Eg var difor ubudd då beskjeden kom frå overordna. Ikkje heilt uventa. Ikkje heilt som lyn frå klar himmel. ”Inkoleisen kan det vere med tema og innhald. Ikkje prøv deg med unnasluntring. I bloggen vår skal du skrive eitkvart!”
Her på Vestlandsforsking er det forventa at dei innan IT-forskingsområdet prøver ut nokre nye internettverktøy og har høyrt om nye web 1.0, 2.0, 3.0 og 3.1a… Sjølvsagt er eg, som syslar med prosjekt knytt til dette feltet, på nett i både jobb og fritid. Eg er altfor tilgjengeleg og har sjølvsagt eksperimentert med eigenproduserte nettsider med bilete av og for familie og venner. Og no skal eg bli bloggar.
Det er her ikkje som hos dei amerikanske stakkarane, dei prøvde ut den nye nettsamfunnshypen Facebook. Nettavisen kunne melde at ”De meldte seg på «Facebook», men endte på «Aetat»” Det var etter at sjefen fekk sjå det dei hadde lagt ut på nett. Her skjer ikkje det. Trur eg. Håpar eg…
No gjeld det for meg å følgje ”ver varsamplakaten”. Skrive litt om faglege, trygge og ufarlege ting du jobbar med. Ikkje seie noko om at du tykkjer blogging minner deg mykje om avansert doveggskribleri. Oooppssss…
Internett utviklar seg i rykk og napp til å bli bedre og enklare for meg å få noko nyttig ut av. Det er stadig noko nytt. Eg likar godt Wikipedia. Det er leksikonet du sjølv kan vere med å bidra i. Der har eg søkt på Blogg og blitt informert, til og med på norsk. Der står det at det engelske ordet blogg, på norsk vevlogg, er ei nemning på ei oppdatert internettside der ein eller fleire kjem med synspunkt og fortel omverda kva som skjer. Du kan velje blant mange sjangrar og gjere det meir avansert med å nytte videoblogg og bildeblogg.
Noko av det eg likar ved Wikipedia er det eg likar minst ved bloggar. Det er for mange bloggar om same tema. Eg saknar effektive måtar informasjonen eg søkjer kan bli diskutert og foredla og kanskje kvalitetssikra på før eg mottek den. Her kjem kommentarfelta i bloggane til kort. Eg ønskjer sjeldan å lese alt og må klikke for å få fram alle rettingar og alternative synspunkt på det som er presentert. Det tek tid. For mykje tid. Når bloggen er eit kunstnarleg uttrykk eller eit internt verktøy for samarbeid og kommunikasjon er eg for, men dette tvisynet har eg på tematiske og profesjonelle bloggar.
Nettsamfunn er viktig. Alt i studietida høyrde eg om moddarar som leikte seg med rollespel og data på nettsamfunn. Det var berre tekst dei utveksla. No er det meir avanserte visuelle dataspel og stor industri. Endåtil med gode norske bedrifter som Funcom i front. Sosiale nettsamfunn er i vinden. To kollegaer insisterte for om lag ei veke sidan på at eg skulle bli med i Facebook. Eg la inn både sentrale data, tekst og bilete. OG no kan det sjå ut som om eg har opptil fleire venner. Men ein av desse to som lokka, ein venn, har no sletta sin profil. Det trudde han. Det viser seg at selskapet bak nettverket har lov til å behalde alle data om deg. Sjølv om du prøver å slette deg. Andre brukarar kan du stengje ute, men ikkje selskapet. Kva skal dei med informasjonen?
Er det tryggare å legge ut detaljert blogg om seg sjølv?
Skal du ta til med blogg bør den brukast aktivt og oppdaterast ofte. Eg har lenge vore i eit lukka nettverkssamfunn for dei eg gjekk på skule med i Trondheim (Nettsamfunnet nytta verktøyet Linkedln). Eg registrerte meg, men brukte det lite. Slik sett var det akkurat som eit vanleg diskusjonsforum på ei kommunal nettside. Det vesle poenget her er at for mange bloggar og andre kjekke internettverktøy for dialog har same problem. Tynt innhald. Når vi no har lansert vår blogg blir det ein byr... utfordring å halde denne levande.
Som du skjønar. Eg kan ikkje dy meg og er ikkje heilt frelst som bloggar. Eg var ikkje flink på dagbokføring heller. Men motviljen har mest med informasjonsstraumen på internett å gjere. Det er mange der ute. Ja. Eg vil gjerne ha ny informasjon. Eg vil gjerne ha den lett tilgjengeleg og med god kvalitet. Dette har i varierande grad e-post, Google, nyheitsbrev og eit utval nettstader og portalar ordna for meg ei stund. Vi som er i IT-gruppa håpar og trur på at nye standardar som til dømes semantisk web og emnekart skal gjere informasjon enno lettare og tryggare å nytte. Men det er tema til eigne bloggar.
Øyvind Heimset Larsen - 11.05.2007