Wednesday, April 29, 2009

Ein vevloggande saftkokar på Sogndal Fotball sine sider

Fotballblogg: Ein vevloggande saftkokar
Underteikna vart utfordra og greidde ikkje takke nei til å bidra. Dette er utelukkande hobby og eg kjem ikkje til å kopiere over innlegg frå klubben sine sider.

Teknisk slit vist klubbleverandøren, merkeleg nok, med noko so enkelt som bloggfunksjonalitet. De får heller komme med ramsalt kritikk av innlegga her inntil dette er på plass.

Om min profil på fritid sjå her:

http://www.sogndalfotball.no/Publikum/Blogg/%C3%98yvindHeimsetLarsen/%C3%98yvindHeimsetLarsen/%C3%98yvindHeimsetLarsen/tabid/662/Default.aspx

Fotballblogg 1: 03.04.2009: Ein vevloggande saftkokarar her ?
Fotballblogg 2: 15.04.2009: Eg og han der Iain ”fresh face” Dowie har litt for mykje felles
Fotballblogg 3: 28.04.2009: Nei, eg er ikkje sint. Berre veldig, veldig, veldig, VELDIG skuffa….

29.04.09 Øyvind Heimset Larsen

Tastatur, miljøklister og gnagsår

Blogg nr 9: Tastatur , miljøklister og gnagsår

Vestlandsforsking har eige bedriftsidrettslag oppretta i 2006 etter lange diskusjonar om rammer og spesifisering av vedtekter. Ein forskar let ikkje gjerne ei slikt nyskaping passere utan debatt. Sjølvsagt måtte det bli namnet som Tastaturlaget. Du trur kanskje det deretter vart ein enkel prosess å drive eit mosjonsidrettslag for forskarar? Du kjenner oss dårleg…


For det trengs minst fire forskarar til å skru i ei lyspære. Om direktøren gjev ei arbeidsgruppe oppdraget vil ho observere følgjande når prosjekt lyspære skal gjennomførast. Alle fire utvalde blir ivrig og pliktskuldig med i den ”hurtigarbeidande komiteen”. Men når det kjem til møtedato og tid for gjennomføring kjem tåka sigande. To forskarar har dobbeltbooka og prioriterer andre viktige prosjekt. Dei er på reise. ”Force major”- kan dei to resterande gjerne få høyre då. Ein tredje er handlingssterkt og kjøpte på eige initiativ inn lyspære på Meny som ho så berre ser for seg å montere. STOOOOOPPP skrik den fjerde som krev nyinnkjøp og prosjektstopp fordi pæra ikkje er av rette sorten. For dette er ikkje sparepære og det er ikkje rett lysstyrke for HMS- føremål. Ny møtedato og strategi må so avtalast med alle fire på e-post… Det vert telefonkonferanse om pæreval og erfaringsnotat i etterkant.


Aktivitetsnivået på laget er ikkje så verst med årleg deltaking i Kjerringi Open, sporadisk lag i Volleyballturnering og endåtil eit år med ”Sykle til jobben”-aksjon, samt støtte til personleg fysisk fostring og arrangering av mindre ekskursjonar.


Av 30 inviterte (og purra på ) deltok sist fredag sju på ski- ekskursjon frå Hodlekve til Høgehaug der fem gjekk vidare til Leikanger. Dette oppmøtet reknar underteikna leiar av Tastaturlagt som god. Sjølve turen vart meir enn vellukka. Det skuldast strålande sol frå skyfri himmel, vindstille, godt selskap og bra med niste.


Førebuinga var grundig. Som normalt haglar det innspel til arrangementskomiteen. Oppmoding om fjelltur kom direkte frå leiargruppa. Deretter dukka enkeltinnspela som venta opp. ” Vi burde grille på ope bål”. Leiinga har etter kvart gått bort frå deltakande leiarstil, og bestilte bagettar i Campuskantina ein time før avreise. Lighter, sjokolade og kaffi måtte med. Men forskarar må ha skyss og tal bilar kan berre bestemmast ut frå kor mange som deltek. Og det talet vart endeleg klart først to timar i forkant. Etter tre e-postutsendingar og kontorrundspørjing var to køyretøy med sjåfør rekvirert.


Forskarsamlinga på Høgehaug var som de ser vellukka. Etter ekstremklatringa mot toppen var det god plass til oss og to småbarnmødre med pulk. Dette og det meste andre viktige på turen vart dokumentert av ein ivrig fotograf med avansert kamera. Utval av skiutstyr var som venta og spesialisert og unikt. Eit par av oss satsa på klister, eit par på heilfelle og ein på halvfelle under skia. Felle er miljøklister spør du meg. Men det ville aldri ein miljøforskar på klister under stålkanta superlangrennski finne på å gjere. (Dette er sjølvsagt dei tynnaste som er å få kjøpt). Minst to mannlege forskarar presterte å få gnagsår av denne forsiktige turgåinga. Ei lånte vekk idrettsteip. Takk.
Nesten alle nytta nok solkrem…

Wednesday, March 25, 2009

Google ser meg, dei og…

Blogg nr 8: Google ser meg, dei og…

Godt å vite at nokon les og kanskje bryr seg om det eg skriv. Men kva personvern ventar eg?

Laurdag 14.februar var eg på Studentersamfundet i Trondheim. Tema på det engasjerande Samfundsmøtet var ”Google ser deg”. Jon Bing (UiO, var formann i Personvernnemda mm.) og Knut Magne Risvik (engineering director i Google) innleia og svara på spørsmål. Eg vil gjerne formidle ei blanding gullkorn og interessante poeng. Dette ver t difor ikkje eit referat der tema og sitat kjem i kronologisk rekkjefølgje:

Det er ikkje så enkelt å vite kven som følgjer med når handlinga di sender informasjon i små databitar ut av Noreg, via Sverige (der det militære no får lytte på det meste som passerer), nedover i Europa og over kanalen til USA og kanskje innom serverplassen du har leigd i Canada. Lover i Noreg gjeld sjølvsagt for deg og dine handlingar sjølv om innhald ligg på server i land med eit anna lovverk.

Europa går føre på personvern og internett. Men heile 75% av alle land manglar slik lovregulering av personvern. Nokre land har ulik praksis i ulike delstatar. Noreg har og utfordringar. Norske skattelister og det offentlege si bruk av personnummer som identifiserer deg vert trekt fram. Truleg veit det offentlege i skandinaviske land mykje meir om deg enn det USA med sine system gjer. Offentleg overvaking? Du får tilpassa dine søketreff etter nasjonale og personlege preferansar. Ikkje berre Kina stiller krav til kva befolkninga skal få sjå. Også land som Storbritannia har slike lister med innhald som skal bort. Det finst og svartelister over ord du helst ikkje bør ta i bruk i din kommunikasjon. Eit utval ville garantere deg eit brukbart tal lesarar på din neste e-post. (Og nei, eg trur kanskje ikkje eg skal vise til dømet Bing gav her i vevloggen heller. )

Søk, ja. Du veit det nok. Alle søk du gjer i Google vert lagra og først sletta etter om lag eit år. Data vert inspisert for å justere søkjeresultat (og annonser) for deg. Men mykje nyttig bruk utover dette er mogeleg. Google har oppdaga influensaepidemiar og følgt deira spreiing ca to veker raskare enn det offentlege helsevesen i USA klarte! Dette berre fordi dei er så gode på å overvake kva søkjevanar folk har og analysere kva som opptek folk der og då. Søkjer mange plutseleg etter td. nærmaste apotek, legemiddel eller svar på same type symptom så kan folkehelsa ha nytte av overvakinga.

Ein arbeidsgivar bør ikkje utan vidare google sine jobbsøkjarar. Ingen av innleiarane gjer dette. For det første er det mogeleg at du sjølv har lagt ut feil informasjon. For det andre kan ondsinna informasjon vere lagt ut av andre som ikkje likar deg.

Du nyttar gjerne som eg mange vevtenester frå Google? E-post, kalender, personleg nyheitsportal, tekst- og reknearkeditor, kart og bildeteneste og no straks sanntidslokalisering av dine mobilbrukande vener på kart etc. Du og er kanskje litt bekymra for om konsernet set din databruk saman til eit bilde av deg og brukar det i uønskte samanhengar? Google fortel opent at dei samlar mykje informasjon om deg og din nettbruk for å kunne forbetre sine tenester og nedkjempe søppelpost og virus. Men eg forstod Risvik slik at det for han enno er lettare å søkje fram god informasjon om deg med søkjemotoren, enn det er å sette saman informasjonen frå dei ulike interne systema deira til eit like godt bilete. Risvik uttrykte at problemstillinga var viktig, men og at han var meir bekymra for dei nye sosiale nettsamfunna.

Eit viktig poeng for Risvik er at det manglar ein openbar økonomisk motivasjon for misbruk blant storaktørane. Google ville raskt miste mykje av bruken, og dermed det meste av si lønsemd, om du mista trua på at informasjonen din var trygg og slutta å bruke tilbodet deira.

Finn du informasjon på td Google Earth om deg som du blir støtt av, så kan du be om å få det fjerna og det vert gjort i løpet av kort tid. Det er ingen ideell strategi å publisere ein masse nyttig om seg sjølv for å dekkje over eit enkelt uheldig nettbidrag. Dei største seriøse aktørane legg innsats i å rydde. Bing uttrykte større bekymring for mindre tenester og aktørar som kanskje har samla litt informasjon om deg.

Samfundsmøtet gav i alle høve meg ein del igjen for oppmøtet. Eg tykkjer det økonomiske argumentet til Google er godt, men eg er bekymra for den menneskelege faktoren. Feil har ført informasjon på avvege før, både i det offentlege her heime og i dei største konserna. Og gangsynet til nokre konserndirektørar i USA har ikkje direkte imponert det siste året. Eg håpar sjølvsagt på feilfrie interne system og fråver av personleg suboptimalisering og tabbar framover. Ikkje minst deler eg bekymringa til innleiarane for nettsamfunna. Særleg med tanke på siste nytt om endringar i mine vilkår der eg er fanga (?). Dette bekymra meg alt i første vevlogg frå 2007. Kunden har ikkje alltid rett(ar).

Til slutt eit siste tips frå Bing. Tenkt litt over kor mykje personleg informasjon du kan finne på di neste bankutskrift...

Øyvind Heimset Larsen - 18.02.2009

Vestlandsforsking treng deg!

Blogg nr 7: Vestlandsforsking treng deg!

Underteikna forvilla seg til Sogndal i august 2000. Mykje på grunn av ei traineeordning som NHO Sogn og Fjordane tok initiativ til. Dette var ei satsing på å få attende ungdom med utdanning. Det var sett av midlar som særleg skulle få kvinnene attende . Vi var klart flest gutar i det vesle kullet, fornøyeleg nok.

Eg får kanskje skunde meg å leggje til at Vestlandsforsking alt då hadde politisk korrekt fordeling blant tilsette og i leiing, med til dømes Marit Mauritzen og Liv Signe Navarsete som direktør og styreleiar.

Alle traineeordningar i fylket er no samla til ei satsing med heile 18 deltakarbedrifter, koordinert av Framtidsfylket. Torsdag 12. Februar var underteikna blant mange håpefulle lokale aktørar i Trondheim på Studentersamfunnet for å rekruttere nye talent. Gledeleg nok var det godt oppmøte og mange som besøkte meg på stand for å stille spørsmål. Og det skuldast ikkje berre at våre vener i DIFI hadde stor nabostand som kunne lokke mange med spesialproduserte vassflasker og eige leikehus. Oppstartbedrifta YAST, med engasjerte og enno nyutdanna entreprenørar frå NTNU, hjelpte oss godt med si entusiastiske skildring av Sogndal, Campus og dei unike fritids- og friluftstilboda i området. Det var heilt rett å møte studentane her på deira eigen arena, og ikkje på eit hotell. Diskusjonane og oppmøtet var som sagt veldig bra. Denne messa var merkbart betre enn på Radisson SAS-hotellet i 2008.

Eg kjenner meg veldig igjen i rammene for opplegget når eg høyrer at planen for 2009-kullet er fire sentrale samlingar, ein ekskursjon utanlands og god oppfølging undervegs. Dette trur eg blir bra og lærerikt for dei som får delta. Ikkje minst ser eg at fordelinga har betra seg mykje sidan eg var med…

Vi som arbeider med IKT på Vestlandsforsking har med ei viss missunning sett på kor godt traineeordninga gjennom dei siste tre traineekulla har rekruttert nye medarbeidarar med klima, berekraftig reiseliv og miljø som fokus. Dette har sikra god fordeling og stadig nye impulsar.

Som 1.generasjonstrainee på huset oppmodar eg DEG om å søkje!
Aller, aller helst på IT…

Øyvind Heimset Larsen - 16.02.2009

Personnummeret DITT - er det deg?

Blogg nr 6: Personnummeret DITT - er det deg?

I arbeidet med å vurdere kvalitet på offentlege vevtenester (for DIFI) har vi merka oss eit par oppslag i media om at enkeltkommunar har vore uheldige og lagt ut postlisteinformasjon med personnummer. Eg trur det skjer sporadisk og raskt vert retta opp.

CD-ar med DITT personnummer og andre skatteopplysningar er no sende til fleire avisredaksjonar i landet - av det offentlege. Heldigvis var data denne gongen (litt) sikra med kode (kryptert). Men huff! Dette er alvorleg systemsvikt.

Personnummeret DITT er deg, i følgje alt for mange offentlege og private vevtenester.
Alt for ofte ser det ut til at det ikkje trengst stort meir som utgangspunkt for å skaffe lån, bankkort eller anna. Denne manglande sikringa gjer det for lett for uærlege personar å ta over identiteten din.

Personnummeret burde ikkje vere verd meir for dei enn å vite namn og fødselsdato. Det å kunne bekrefte at du er du burde vere vanskelegare. Men det er diverre ofte litt vel enkelt no.

Digital ID og autentisering har vore tema lenge, særleg knytt til MiSide (http://www.noreg.no/minside/) og andre tenester. Om løysinga skal utviklast av det offentlege eller kjøpast av leverandørar, har vore tema. Eit brukande produkt kunne for min del gjerne snart ha vore på plass. Kanskje set denne minikrisa fart på systemet? Eg håpar det. Då bør det helst ikkje bli lovleg eller lett å sluntre unna eit minstemål av teknisk sikring.

Øyvind Heimset Larsen - 19.09.2008

Dei vanskelegaste bokstavforkortingane våre

Blogg nr 5: Dei vanskelegaste bokstavforkortingane våre

IT…. Det er ikkje til å kome unna. Vi brukar mange kryptiske vanskelege ord og bokstavforkortingar. Unødvendig mange. Når vi akademiske ikkje veit eller kan vite betre so er det godt å ha eit litt ullent ord å gøyme dette bak. Rett bruk av moteord er veldig kjekt for å kunne selje. Det å finne på eit nytt ord du kan ”eige” er og flott.

Eit av dei verste no er web 2.0 som femner passe mykje og er passe lite avgrensande. Både bokstavar, tal og punktum legg vi her sjølvsagt djup meining i. I denne ymseboksen web 2.0 ligg det og eit lite hav av småord nokon gjerne eig for teknologi som let deg ha dialog, dele ressursar og opplevingar saman med andre på HEILT nye måtar. Denne vevloggen (blogg på nynorsk) med sin enkle responsfunksjon kommentarfelt for dialog, er av dei enklaste.

Difor kjennest det feil å forsøke på akademisk definisjon av web 2.0 i word og i eit avsnitt. Sjå gjerne omtale på wikipedia om du vil, men opplev først ei god historieforteljing om det nye omgrepet på 5 minutt. Ikkje all kunnskap er lett å beskrive med ord. Noko er taus kunnskap det gjerne er lettare å vise. ”The Machine is Us/ing Us” er den opphavlege versjonen av kultklassikaren til Michael Wesch som de finn på Mediated Cultures (med høgare bildekvalitet enn på Youtube).

Dette er retninga dataverda utviklar seg i. Det er viktig for oss å ha ei meining om kva vår vesle rolle kan vere. Vi fokuserer særleg på to internettstandardar (emnekart og semantisk web) i våre meir teknisk retta prosjekt. Men ofte er det viktigaste elementet i våre prosjekt å kunne sjå bruken av ny teknologi i endringar som skjer i og mellom organisasjonar. Og å kunne kople det akademiske med det brukarnære. Dette er og IT. For informasjonsteknologien (IT) skapar vinstar først når den er i god bruk. Gevinstrealisering er i seg sjølv eit moteord. Det får bli ein annan blogg…

Øyvind Heimset Larsen - 01.07.2008

Stakkars bestemor!

Blogg nr 4: Stakkars bestemor!

Tema eg vil ta opp er brukarvennelege offentlege tenester og ei utfordring for Miside. Brukarvennlege nettenester har vore fagleg tema for fleire prosjekt i både offentleg og privat sektor på Vestlandsforsking over fleire år. Mellom anna i arbeid med å utvikle indikatorar for å måle kvalitet på alle norske offentlege nettenester og for reiselivsportalar. Men dette blogginnlegget gjeld ei fersk privat erfaring med tenester.

Eg minnest svakt at eg var nyfiken og logga meg inn på tenesta for eit par år attende. Då var det blest i media om Noreg.no og den nye tenesta MiSide. Mine nye innloggingskodar kom med skattekortet. Der var lite innhald då og det blei med den eine innlogginga.

Eg har sjølvsagt gløymt passordet (8 teikn) sidan det er over eit år sidan den eine gongen eg logga inn. Kva er det då naturleg å klikke på? Jau, knappen for gløymt passord. Det gjorde eg i går og ingenting skjedde. Eg la så inn personnummer og klikka igjen. Igjen skjedde det ingenting. Eg valde så opprett ny brukar og oppdaga at dei ville ha meg til å hente pinkodar - ikkje berre frå det siste skattekortet, men også frå det gamle skattekortet frå 2006. Det kortet er sjølvsagt no arkivert i det store arkivet. Men eg la inn det eine eg hadde og klikka håpefullt utan resultat. Eg opna hjelpefunksjonen, men den informasjonen var ikkje til mykje hjelp. Eg ringde så 800-nummeret, men dette var rett etter kontortida (kl 1600) og telefonsvararen maste om nettsidene eg sjølvsagt kom ut frå.

Då la eg egget og klikka på gløymt passord ein gong for mykje -ein tredje gong. Resultat:
” Etter 24 timer kan du prø å logge inn igjen.”- Genialt…

(Skrivefeilen i sitatet er denne gongen ikkje mitt verk)

Underteikna kjenner fleire, også enkelte IT-forskarar, som når dei klikkar på ein knapp og ingenting skjer, automatisk vil klikke to-tre-fire gongar til på same knappen før dei forbannar systemet og gir opp.

Eg innrømmer gjerne at måten eg handterte nettenesta på, i farten kanskje ikkje var ”korrekt” framgangsmåte, men stakkars bestemor som skal prøve dette…


Mvh
Øyvind Heimset Larsen
Førebels frustrert utestengd brukar av offentlege tenester på nett

Øyvind Heimset Larsen - 07.05.2008